Ny bloggar til stades som kanskje bloggar meir enn den gamle bloggaren. Vel, som den skrytaren eg er, så byrjar eg med eit bilete av den noverande tabellen.

Som du kanskje ser, så ligge Øystese på 2.plass med 12 poeng, eitt poeng mindre enn Fyllingen som ligg øverst. Alle har spelt ferdig 5.runde. Det er kanskje ein gledens nyheit at Norheimsund, naboen og styrste rivalen, ligg nederst med tre poeng. Men denne runden såg me at Norheimsund overraska og slo Brann 2, som me skal spele imot tysdag 25.mai. Men oddsen vår auka vel brått då, sidan me har slo Norheimsund 7.2 i El Classicó 8.mai.
Sist kamp vart spelt mot Os 2 sundag 16.mai. Der stilte overraskande mange supportarar opp, til tross for regnvêr og at det enkelt og greitt var 16.mai. Det fyrste målet kom etter drøye 15 minuttar “Då vert det fullstendig kommunikasjonssvikt mellom keeper og back hos Øystese.” – i fylgje oystesefotball.no. Os 2 ledar 0-1. Like før pause kjem Alexander Høvik og set ballen fint inn nede ved stolpelinja. Det er pause, og stillinga er 1-1. I andre omgang tek Os 2 over heile spelet, og det vert få sjangsar for Øystese. Fem minuttar før dommar blas av kampen, vart det nok ein gong kommunikasjonssvikt på Øystese. Ein Os-spelar tek ballen og vert felt. Straffe til Os 2. Stemninga på tribunen er til å ta og føle på, denne straffen må Madsen redde. Madsen viste i forrige kamp at han kan helda roen under straffen, og han redda då, men me var ikkje sikre på om det var eit eingongstilfelle, eller om han verkeleg er jævla god på straffar. Madsen hadde endå ei gong roen, og redda straffen, jubelen på tribunen tek av, og supportarane visar sin kjærleik til den unge og lovande keeperen. Rett før slutt fortset Os å pressa, men Kristian Pettersson tek ballen og set den vakkert i nettet med “venstreslegga” si. Øystese vann kampen 2-1, og det vart nok eit bittert tap for Os 2, som hadde Øystese i si hule hånd stort sett heile kampen. Flaks? Eller rein magi?
SSK viste på kampen at dei ikkje har mista gnisten, og ser fram til ein fantastisk sesong, med kjekke mannfolk som sparkar ball! Fleire jentemedlemmar av SSK har vist litt bekymring sidan dei har høyrt at Henrik “Henke” Moen forlet klubben til hausten. Me får venta i spaning å sjå.
Frå venstre, Henrik Moen, Kristian Pettersson og Per Odnæsveen. Nydeleg trio.
Den halvfulle supportaren